Teikninga viser kampen mellom dei himmelske hærskarane (sebaot) og dei opprørske englane leia av Satan, slik den er skildra i diktet Det tapte paradis.

Sebaot er ein tittel på Gud i Det gamle testamentet/Den hebraiske bibel. Sebaot er fleirtalsforma av det hebraiske substantivet saba som betyr 'hær' eller 'hærskare'.

Faktaboks

Uttale

sebaot

Etymologi
hebraisk, ‘hærskarer’

I Bibelen er Sebaot alltid brukt saman med eit anna namn på Gud. Eksempel er Jahve Sebaot, Jahve Elohe Sebaot('Herre, Gud over Hærskarane') og Adonaj Jahve Sebaot ('Herren, allhærs Herre').

Jahve Sebaot blir som regel omsett til norsk som 'Herren over hærskarane' eller halde som eit særnamn, 'Herren Sebaot'.

Sebaot i Bibelen

Tittelen Sebaot er brukt 285 gonger i Det gamle testamentet/Den hebraiske bibel:

  • 82 gonger i Jeremia
  • 62 gonger i Jesaja
  • 53 gonger i Sakarja
  • 24 gonger i Malaki
  • 14 gonger i Salmane
  • 14 gonger i Haggai
  • 9 gonger i Amos
  • 6 gonger i Andre Samuelsbok
  • 5 gonger i Første Samuelsbok
  • 3 gonger i Første Kongebok
  • 3 gonger Første Krønikebok
  • 2 gonger i Andre Kongebok
  • 2 gonger i Nahum
  • 2 gonger i Sefanja
  • 1 gong i Hosea
  • 1 gong i Mika
  • 1 gong i Habakkuk

I tillegg er Sebaot brukt to gonger i Det nye testamentet (Romerbrevet 9,29 og Jakobs brev 5,4), der forfattarane siterer eller viser til tekster i Det gamle testamentet.

Tittelen er særleg populær i dei profetiske bøkene og Salmane, med hovudvekt i profetiske bøker som omhandlar øydelegginga av Jerusalem og Juda av Babylonia og tida etter eksilet i Babylon.

Den er særleg knytt til paktkista i Sjilo og Jerusalem. Sebaot er fyrst nemnt i 1. Samuelsbok i samband med tilbeding av Gud i Sjilo som var staden der paktkista opphaldt seg i det før-monarkiske Israel (vers 1, kapittel 3).

I Salmane og dei profetiske bøker er Sebaot knytt til Sion og Tempelet i Jerusalem. Jahve Sebaot er skildra som «han/du som tronar over kjerubane». Første Kongebok skildrar korleis kjerubane i Tempelet i Jerusalem verna over paktkista (kapittel 6, vers 23–28). Dette har fått forskarar til å argumentere for at Jahve Sebaot var forstått å trone over kjerubane i Tempelet i Jerusalem med paktkista som sin fotskammel.

Hærskarane

Fleire bibelske tekstar framhevar Sebaots koplingar til krig, og viser til Gud sin rolle som leiar over hærskarane. Denne koplinga finn ein igjen i omsetjinga av Sebaot til 'hærskarane'. I Bibelen kan 'hærskarane' referere både til dei jordiske og dei kosmiske hærskarane. Ordet refererer til dømes til Israels hær i Første Samuelsbok, til engleskarane i Salmane og til stjernene i Jesaja.

Dei himmelske hærskarane er skildra både positivt og negativt i Bibelen, der fleire tekstar åtvarar mot tilbedinga av «dei himmelske hærskarane» (til dømes i Femte Mosebok kapittel 5, vers 19 og Andre Kongebok kapittel 23, vers 4–5).

Sjølv om ordet Sebaot ikkje er direkte brukt til å skildre «dei himmelske hærskarar», kan tittelen Sebaot likevel ha vist til både Guds kosmiske og jordiske hærskarar.

Teologisk betydning

Tittelen Jahve Sebaot framhevar Guds rolle som ein krigargud. Gud er skildra slik ved fleire høve i Bibelen, mellom anna i Jesaja. Der blir Sebaot presentert som ein krigargud som skal forsvare Jerusalem (kapittel 31, vers 4–5).

I tillegg til Sebaots kopling til «hærskarane» er tittelen også forstått som å vise til Guds autoritet og allmakt over alle synlege og usynlege krefter i universet. Denne forståinga kjem mellom anna fram i Septuaginta si omsetjing av Sebaot som ton dynameon, 'Herre over styrkane', og pantokratōr, 'allmektig'.

Les mer i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg