Bordalen er eit dalføre i Voss herad i Vestland fylke. Bordalen strekkjer seg frå austre del av Vangsvatnet (44 meter over havet), rundt 12 kilometer sørover. Dalen er høvesvis tettbygd (366 innbyggjarar i 2021). Det går bilveg frå Vossavangen rundt austenden av Vangsvatnet og opp dalen til den øvste garden, Rong (471 meter over havet). Gjennom dalen renn Bordalselvi, som munnar ut i Vangsvatnet like sør for Vossos utløp.
Bordalen
Namn
Namnet Bordalen er etter elva, av norrønt borð, anten ’fjel’, eller ’den som lagar ein kant, skjer seg ned’.
Kart
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.